Formoseter Seterhus

Velkommen til Formoseter Seterhus!

Formoseter ligger på Høvringen, 935 moh ved porten til Rondane Nasjonalpark. Setra ligger fritt til med utsikt mot Rondane og Jetta. Her går både skiløypa og turstigar rett utanfor grinda.

Formoseter har ei lang historie med tradisjonell seterdrift fram til ca 1930. Sidan har jorda vore nytta som beite og til hausting av for. I dag står det 4 seterhus frå 1800-talet her, restaurert og med god standard. I 2013 stod to nye hus ferdige på setertunet, Formostugu som er eit gamalt tømmerhus vi har flytta opp frå garden Formo, og Steinbue som er eit heilt nytt bygg. Her er det både triveleg og behageleg å vere! Seterhusa er utstyrt for sjølvhushald og passar for 2-18 personar. Det er plass til omlag 40 personar totalt.

Cecilie og Anders Formo ønskjer velkomen til fjells!

Vi tilbyr overnatting i seterhusa:
Midtistugu, 2 soverom med til sammen 6 sengeplasser, bad, kjøkken og peisestue
Selet, 2 soverom med til sammen 9 sengeplasser, bad, kjøkken og peisestue
Stallheim, 1 enkeltsoverom, ett stort rom med 3 sengeplasser, kjøkken og peiskrok, bad
Fjoset, 4 soverom med til sammen 12 sengeplasser, 2 bad, badstue, kjøkken og peisestue
Steinbue, 2 soverom og hems med til sammen 8 sengeplasser, bad, badstue, kjøkken og stue med peisomn

Send ein mail eller ring oss for meire informasjon og tilbod.

Selskap og kurs

I Formostugu er det ei staseleg storstugu med langbord og peis. Her tilbyr vi servering for grupper, både selskap og bedriftssamlingar. Vi serverer heimelaga mat med råvarer frå garden og lokale leverandørar.

Vi kan dekke til intil 35 personer i Formostugu. Ta kontakt så legg vi i fellesskap opp arrangementet slik de ønskjer.

Kontakt oss:
Formoseter
Cecilie Asp og Anders Formo
Gudbrandsdalsvegen 2048
2672 Sel

Tlf: 92 200 520 / 920 34 965
epost: post@formoseter.no
www.formoseter.no

Send ein mail eller ring oss for meire informasjon og tilbod.